next up previous contents
Next: B. Skolelinux - opphavsrettslige Up: Skolelinux-prosjektet Previous: 13 Søknad   Contents


A. Ope innhald - med rett til å dele

Opphavsrettsreglane vert stramma inn på nesten alle kantar. Men det finst dei som går på tvers og veljer medhavsrett (copyleft) i staden for opphavsrett (copyright).

Medan store delar av kultur- og underhaldningsbransjane arbeider med å verne opphavsretten til produkta sine med dei midlar som måtte finst - og forskar på midlar som enno ikkje finst - vel enkelte rørsler å gå stikk motsett veg. Inspirert av rørsla for open kjeldekode («open source») har fleire initiativ for ope innhald («open content») vakse fram dei siste åra.

Hovudpoenget med ope innhald er at det gir rett til fritt å kopiere og distribuere verket - og, på visse vilkår, endre det. Det lyt som regel framgå kvar innhaldet opphavleg kom frå, men opphavspersonen eller -personane har gjennom ein lisensavtale gitt samtykke til at det kan formidlast vidare utan at dei vert spurde spesielt eller får betalt.

Det finst ulike formar for lisensavtalar som går inn under ope innhald-omgrepet, og ein populær variant er copyleft, som er eit ordspel på copyright (engelsk for opphavsrett). På norsk har vi her valt å nytte medhavsrett og forsøker med det å bidra til etablering av eit norsk omgrep.

Det finst fleire former for prosjekt innanfor ope innhald, så som Free online scholarship, som arbeider for at akademiske publikasjonar skal gjerast tilgjengelege gratis på nett, og Open directory project, som ved hjelp av frivillige redaktørar frå heile verda byggjer ein katalog over nettstader. Katalogen kan liknast med Yahoo, men er open og å nytte - også for andre aktørar som vil hente informasjon til eigne nettstader. Du får mellom anna treff frå denne katalogen når du nyttar søkemotoren Google.

Ope innhald tyder ikkje nødvendigvis at innhaldet det gjeld må forbli fritt tilgjengeleg for all framtid. Nokre lisensar gir adgang til å ta betalt for eit fysisk medium (som ei cd-plate eller ei papirbok) med innhaldet. Om eit verk er underlagt medhavsrett, er dette svært strengt - eventuelt svært fritt, avhengig av auga som ser. Er eit verk først underlagt medhavsretten, kjem alle verk som måtte avleiast av dette verket, automatisk inn under medhavsretten og må distribuerast under dei same vilkåra. Gnu-lisensen for fri dokumentasjon er ein variant av medhavsretten. Han vart opphavleg laga for å verne dokumentasjon av fri programvare, men er etter kvart nytta på alle typer innhald, som fotografi, bøker og nettstader. Du kan mellom anna lese om leksikonet Wikipedia, ei teneste som nyttar denne lisensen, i artikkelen Medan vi ventar på kunnskapsbasen.

Av Jorunn Danielsen (2002-03-20) publisert på Kulturnettet[*]


next up previous contents
Next: B. Skolelinux - opphavsrettslige Up: Skolelinux-prosjektet Previous: 13 Søknad   Contents
Knut Yrvin 2002-05-09